Region Midt-Norge er ein del av Statkraft sitt internasjonale miljø for drift og vedlikehald av kraftverk. Vi er ein av tre produksjonsregionar i Statkraft i Norge. Regionen har ansvar for 32 kraftverk og sju vindparkar i Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Regionen har litt over 200 tilsette, av desse arbeider ca. 50 ved regionkontoret i Gaupne i Luster kommune.
Har du bakgrunn frå kontor- og administrasjon? Kanskje er du vår neste kollega?
Vi søker Service – og administrasjonsmedarbeidar i mellombels stilling i to år med oppmøtestad Gaupne.
Din rolle i region Midt-Norge:
Din profil:
Kvifor Statkraft?
Statkraft er Europas største leverandør av fornybar energi og ein vesentleg aktør for eit meir klimavennleg energisystem. Berekraftig og ansvarleg åtferd skal vere kjenneteikn ved Statkrafts verksemd. Vi jobbar for eit lågt klimafotavtrykk og har openheit om berekraftprestasjonar. Statkraft søker å balansere omsynet til klima, samfunn og miljø.
Men det er meir arbeid som må gjerast – difor treng vi deg!
Kva tilbyr vi?
Statkraft tilbyr konkurransedyktige tilsetjingsvilkår og ytingar, og vi er ein påliteleg arbeidsgjevar som set sikkerheita til våre tilsette først. Vi trur at eit trygt og sunt arbeidsmiljø er eit spørsmål om val, ikkje tilfeldigheiter.
Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og-tenester i fleire land. Søker må difor vere eigna for tryggleiksklarering og -autorisasjon.
Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med leiar for utvikling, Guro Gravdehaug, mob 47663011, eller HR-partner Tor Arne Hov mob 47304400.
Send skriftleg søknad med CV gjennom «Ledig stilling» i www.statkraft.no innan 05.06.2022
Engasjement
Heiltid
Dag
05.06.2022
Gaupne
HR-partner Tor Arne Hov
mob: +47 47304400
Leder for utvikling Guro Gravdehaug
mob: +47 47663011
6868 Gaupne